Fondet har org.nr. 979 744 692.
Vedtekter for Oslo Nye Sparebanks Fond
§ 1
Dette fondet er skipa med ein grunnkapital på kroner 1.100.000,-. Det er den midelen som Vestlandsbanken L/L ytte då Oslo Nye Sparebank vart slått saman med den banken i 1975.
Oslo Nye Sparebank vart skipa i 1921 etter opptak frå Bondeungdomslaget i Oslo. Laget skaut inn halvparten av det opphavlege grunnfondet til sparebanken.
Etter § 1 i vedtektene for Oslo Nye Sparebank er forretningsmålet til banken nynorsk, og banken har særleg til føremål å fremja sparetanken mellom innflyttarar i Oslo og grannekommunar.
I framhald av dette skal fondet ha til føremål å stø slike tiltak som sparebankar plar stø, men særleg tiltak som er til bate for innflyttarar eller laga deira i Oslo eller grannekommunar. Med tanke på den oppgåva Oslo Nye Sparebank hadde, bør det ved tiltak fondet stør, verta nytta nynorsk mål.
§ 2
Fondet skal ha eit styre på 4 – fire styremedlemer. Styret for Bondeungdomslaget i Oslo, styret i Noregs Mållag, styret i Sparebankforeningen i Norge og Kredittilsynet peikar ut ein kvar, med særskild varamedlem. Styret vel sjølv styreleiar. Alle val gjeld for 3 år om gongen. Til gyldig vedtak krevst at minst 3 av styremedlemene har røysta for det.
§ 3
Av årsinnkoma skal minst halvparten leggjast til fondet i dei første 20 åra. Resten kan etlast ut til dei føremåla som er fastsette i § 1, siste leden.
§ 4
Brigde av vedtektene kan gjerast av styret, med godkjenning av Finansdepartementet.