Årsmelding 2016

Oslo Nye Sparebanks Fond vart skipa i 1975 med ein grunnkapital på kroner 1 100 000,- som er den middelen som Vestlandsbanken L/L ytte då Oslo Nye Sparebank gjekk inn i denne banken i 1975. Oslo Nye Sparebank vart skipa i 1921 etter opptak frå Bondeungdomslaget i Oslo. Laget skaut då inn halvparten av det opphavlege grunnfondet til sparebanken. Etter §1 i vedtektene for Oslo Nye Sparebank var forretningsmålet til banken nynorsk, og banken hadde særleg til føremål å fremje sparetanken mellom innflyttarar i Oslo og grannekommunane. I framhald av dette skal fondet ha til føremål å stø slike tiltak som sparebankar plar stø, men særleg tiltak som er til bate for innflyttarar eller laga deira i Oslo eller grannekommunane. Med tanke på den oppgåva Oslo Nye Sparebank hadde, bør det ved tiltak fondet stør, verta nytta nynorsk mål.

Fondet hadde ved utgangen av 2016 ein kapital på kroner 3 594 274,16 som er plassert på konto i Aurskog sparebank, Bien sparebank og Landkreditt.

Fondet har eit styre på fire styremedlemmer. Styret for Bondeungdomslaget i Oslo, styret i Noregs Mållag, styret i Sparebankforeningen i Norge og Finanstilsynet (tidl. Kredittilsynet) peikar ut ein medlem kvar, med personleg varamedlem.

Det er Finanstilsynet som organiserer oppnemningane kvart 4.år. I valperioden 1.januar 2014 – 31.desember 2017 er det 2 kvinner og 2 menn i styret, Edvard Lauen, Erik Bolstad, Lena Jørundland og Hilde Høksnes.

Det vart ikkje betalt ut styrehonorar i 2016. Sekretariatet får frå 2007 kr. 5 000,- + mva for utføring av ulike arbeidsoppgåver. Fondet hadde i 2016 ingen tilsette.

Styret meiner at drift av fondet eller dei tiltaka som fondet gav tilskott til i 2016, ikkje kan føre til nokon skadeleg påverknad på det ytre miljøet.

Fondet si drift og stilling framgår av rekneskapen. Styret kjenner ikkje til forhold som ikkje framgår av rekneskapen, og det har heller ikkje inntrådt forhold etter årsskiftet som har noko å seie for den .

Styret meiner at informasjonen gjeve i denne årsmeldinga og i rekneskapen gjev ei rettvisande oversikt over Oslo Nye Sparebanks Fond sine eigenlutar og gjeld, finansielle stilling og resultat.

Styret stadfestar at vilkåra for vidare drift er til stades.

Oslo 20. april  2017

Edvard Lauen, leiar

Erik Bolstad, styremedlem

Lena Jørundland, styremedlem

Hilde Høksnes, styremedlem