Årsmelding 2007

Oslo Nye Sparebanks Fond vart skipa i 1975 med ein grunnkapital på kroner 1.100.000,-, som er den midelen som Vestlandsbanken L/L ytte då Oslo Nye Sparebank gjekk inn i denne banken i 1975. Oslo Nye Sparebank vart skipa i 1921 etter opptak frå Bondeungdomslaget i Oslo. Laget skaut då inn halvparten av det opphavlege grunnfondet til sparebanken. Etter § 1 i vedtektene for Oslo Nye Sparebank var forretningsmålet til banken nynorsk, og banken hadde særleg til føremål å fremja sparetanken mellom innflyttarar i Oslo og grannekommunane. I framhald av dette skal fondet ha til føremål å stø slike tiltak som sparebankar plar stø, men særleg tiltak som er til bate for innflyttarar eller laga deira i Oslo eller grannekommunane. Med tanke på den oppgåva Oslo Nye Sparebank hadde, bør det ved tiltak fondet stør, verta nytta nynorsk mål. Fondet hadde ved utgangen av 2007 ein kapital på kroner 3.211.586,45 som er plassert på konto i Aurskog Sparebank.

Fondet har eit styre på fire styremedlemer. Styret for Bondeungdomslaget i Oslo, styret i Noregs Mållag, styret i Sparebankforeningen i Norge og Kredittilsynet peikar ut ein medlem kvar, med personleg varamedlem. I valperioden 1. januar 2007-31. desember 2009 er det tre kvinner og ein mann i styret. Frå des.2007 er ein varamann gått inn i styret for ein av kvinnene pga permisjon. Det vart ikkje betalt ut styrehonorar i 2007. Sekretariatet får kr. 5000,-+mva for utføring av oppgåvene.

Fondet hadde i 2007 ingen tilsette.

Styret meiner at drift av fondet eller dei tiltaka som fondet gav tilskott til i 2007, ikkje kan føre til nokon skadeleg påverknad på det ytre miljøet.

Fondet si drift og stilling framgår av rekneskapen. Styret kjenner ikkje til forhold som ikkje framgår av rekneskapen, og det har heller ikkje inntrådt forhold etter årsskiftet som har noko å seie for den vidare drifta av fondet.

Styret meiner at informasjonen gjeve i denne årsmeldinga og i rekneskapen gjev ei rettvisande oversikt over Oslo Nye Sparebanks Fond sine eigenlutar og gjeld, finansielle stilling og resultat.

Styret stadfester at vilkåra for vidare drift er til stades.