Kven kan få tilskot?

Oslo Nye Sparebanks fond gjev tilskot til ulike kulturtiltak i Oslo og nabokommunane, og legg vekt på tiltak som er til bate for innflyttarar til byen og organisasjonar som arbeider for dette. Det er fyrst og fremst organisasjonar og verksemder som kan søkje om tilskot, einskildpersonar får vanlegvis ikkje tilskot.

Fondet gjev berre tilskot til tiltak og prosjekt på nynorsk. Søknader på bokmål blir vanlegvis ikkje handsama.

Ved tildeling legg styret vekt på å stø prosjektretta tiltak meir enn drift. Ein som har motteke støtte før, kan søkja på nytt berre dersom det er sendt inn rapport for bruken av tidlegare løyvde midlar.

Fondet deler ut mellom 50 000 og 100 000 kr kvart år, avhengig av avkastinga på fondet. Tilskota er vanlegvis mellom 2000 og 30 000 kr.